Sliteneliten – verdas beste visepunk!

SLITENELITEN 

Verdas beste visepunk! 

Synneva Gjelland –  vokal, gitar, piano 
Ylva Gulpinar – gitar 
Inga Haugdahl Solberg – fele 
Maria Refsland – bass 
Silje Strøm – tverrfløyte 
Thea Marie Kvam – trommer 

Frå Roskilde til Vossa Jazz – med vossingen Synneva Gjelland i front, har folkpunk-gruppa Sliteneliten væpna seg med fele, tverrfløyte og eit skranglete komp for å misjonera det venstreradikale bodskap, med politiske tekstar dressa opp i alle slags sjangre. Inspirert av The Raincoats, Amtmannens Døtre og Kjøtt, men ver trygg på at Sliteneliten ikkje heng fast i fortida – dette er lyden av unge vaksne som nektar å akseptere at ikkje verda kan bli betre. Med maksimalisme og uimotståeleg scenetekke serverer dei eit bevis for at ei anna og betre verd er mogleg.    

Sliteneliten spelar i Ungdomshallen laurdag 12. april.