Sigrid Moldestad 15. desember

Sigrid Moldestad

Me gjentek suksessen frå i fjor og let Sigrid Moldestad invitere til jolakonserten «Vintersong».

Det er tredje året «Vintersong» vert framført og kvart år har hatt sitt eige musikalske uttrykk – og Sigrid set saman eit spesialband for kvar jolaturné. I fjor selde ho ut to fulle kinosalar på Voss, då med klassisk strykekvartett på laget. I år kjem ho med ny spennande besetning og nye versjonar av jolasongar og eige materiale.

Sigrid gav ut samleplate og singelen «Vintersong» til turnéstart i fjor, ein song som låg på spelelistene til NRK P1 lenge. Ho jobbar for tida med mykje nytt materiale og lovar også smakebitar av dette på jolakonserten. Ny plate kjem i 2017.

Sigrid Moldestad – vokal, fele
Sigbjørn Apeland – tangentar
Anders Røine – strengeinstrument
Anders Bitustøil – bass
Kåre Opheim – perkusjon

Gamlekinoen torsdag 15. desember kl. 18:00.

Kjøp billettar hjå TicketCo.

Del gjerne!

Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.