Seim & Haltli i Vangskyrkja

Foto: Antonio Amentano

SEIM & HALTLI 

Det skjønne og det skjøre 

Trygve Seim – saksofonar 
Frode Haltli – akkordion 

Saksofonist Trygve Seim og trekkspelspelar Frode Haltli feirar samspelet i partnarskapet med 25 års jubileum på Vossa Jazz. Framleis dirrande vakkert anten det er ukrainske voggeviser eller nord-indisk tradisjonsmuskk, i ei intim ramme med stor fridom – og rom for leikent og oppfinnsamt, men også skjørt spel. Musikk gjennomsyra av melankolsk venleik og håp. 

Trygve Seim har ein enorm melodisk teft, veit å få det beste ut av medmusikarane sine, og det er ein fryd å lytta til dei detaljerte omvegane har tar undervegs i musikken. Med lyriske komposisjonar er det naturleg at han fekk merksemd frå Manfred Eicher, noko som har resultert i 22 plater på ECM. Avantgarde-spellemann Frode Haltli er like heime i folkemusikk og klassisk som i samtidsmusikken, og har mellom anna jobba med Vertavokvartetten, Maja Ratkje, Håkon Kornstad, Gjermund Larsen og POING, samt symfoniorkester rundt heile verda.   

Trygve Seim og Frode Haltli kan du sjå i Vangskyrkja fredag 11. april.

Del gjerne!

Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.