Religiøs eller ei, – få ting kan setje stemninga som veggene og interiøret i Vangskyrkja. Og når lyssetjinga får både dekor og musikarar til å gløde, spenninga legg seg i sekunda før konserten skal byrje, og tonane som så kjem får lufta til å dirre endå meir, er stemninga sett for ei vakker oppleving. Trygve Seim på saksofon og Frode Haltli på trekkspel feirar no 25 år som duo, og kan sjå tilbake på karrierar med inspirasjon frå mange ulike kjelder, og prega av både utforsking og originalitet. Her er tonar frå andre verdsdelar, frå Skandinavia og jazzhistoria, men gjort på eit heilt eige vis som likevel gjer at enkelte kjende melodiar kjem slik ein aldri har høyrt dei før. Det er vart, skjørt og det er kraftfullt, med lange drag, djupe tonar, og nokre som er så lette at dei får blikket til å dragast mot taket inne i Vangskyrkja. Ein spennande og vakker konsert i svært passande omgjevnadar.
Skrive av Sunniva Kambestad