Riversun – verdspremiere!

RIVERSUN 

Verdspremiere i Ungdomshallen! 

Zakarias Meyer Øverli – saksofon 
Bethany Forseth-Reichberg – vokal 
Joel Ring – bass 
Håvard Aufles – synth 
Ola Øverby – trommer 

Riversun er den ferske duoen til vokalist Bethany Forseth-Reichberg og saksofonist Zakarias Meyer Øverli – for høvet utvida til ein kvintett. På Vossajazz skal dei urframføra ny, eigenkomponert musikk og med seg har dei ein herleg bukett musikarar. Dei har spelt saman i mange år – mellom anna i det Oslobaserte bandkollektivet Tigerstate, men har lenge lengta etter å lage eige materiale som kombinerer Zakarias sin jazzbakgrunn med Bethanys pop og rock. Samarbeidet har resultert i ei rekkje nye komposisjonar i jazzpop-landskapet, inspirert av ærlegdomen til Susanne Sundfør og trøkket til Michael Brecker og Cocteau Twins, med bagasjen full av referansar frå både jazz- og pop-verda. 

Kjøp huskort i Ungdomshallen eller festivalpass (tidlegpris tom 31.12.2024) her: