Ein herleg melodi spreier seg i det store lokalet når Real Ones går på klokka 23.30 i Vossasalen. Artistane Ivar C Vogt, Jørgen Sandvik, David C Vogt, Øystein Skjælaaen og Kåre Opheim har ei merksemdsverdig tilstadeværelse som får publikum si merksemd med ein gong. I atmosfæren spreier det seg ein herleg sommarvind frå instrumenta og ut i salen. Besetninga rulerer på eit mangfald av folkekjære instrument som ukulele, banjo, munnspel og fiolin. Publikum gyngar, dansar eller svevar med hender og ølglas i veret. Bettatt vert vi, som ser på, av vinden, og folk dansar med kvarandre og med artistane. Armar opp og blikk retta mot publikum – sterk, fin og intens oppleving. Eit lydrom av havet, sommar og nostalgi fyller rommet – folk er heilt med.
Skrive av Lisa Savold

Foto: Runa Andersen / Vossa Jazz