Randi Fuglehaug er journalist og forfattar som har skrive sakprosa og skjønnlitteratur for både vaksne og born. Ho er mest kjent for ungdomsserien Halve kongeriket og krimromanen Fallesjuke med handling frå Voss.
Neste år er ho klar med kriminalromanen Tonedød; denne gongen med Vossa Jazz som bakteppe for kriminelle handlingar! Randi Fuglehaug kjem altså med nyskriven opningstale og ny bok i bagasjen. Det bør bli kriminelt bra!