På mosegrodde stiar

Foto: Vossa Jazz/Ådne Dyrnesli
Foto: Vossa Jazz/Ådne Dyrnesli

Sundag ettermiddag var Osasalen omgjord til ei stova med dunkel belysning, der publikum sat i ring rundt trioen i 1982. Om ein lukka auga opna det seg eit eventyrleg skogslandskap. Frå trøorgelet mana Sigbjørn Apeland fram skjøre solstrålar som glimra i den mosegrodde skogbotnen, medan Øyvind Skarsbø sine sildrande symbalar viste veg inn i eit vart mørkre.

I dét Nils Økland reiste seg med hardingfela kunne ein skimta ein skugge mellom trea. Kva var det som skjulte seg der inne? Publikum vart trollbundne og var viljug med på reisa.

Det var underleg å koma tilbake ut i dagslyset i 2018. Kvar hadde me vore? Var det berre ein draum, eller hadde me snubla over ei attgrodd verd?

Del gjerne!

Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.