Det er noko eige med å tusle ut på Vossevangen i vårsola og vite at ein skal starte dagen med jazzkonsert i Osasalen. Effekten vert ikkje mindre når ein veit det er Matthew Shipp som skal setje stemninga for sundagen. Shipp er ein av verdas fremste pianistar innan avantgardejazzen. Denne sundag føremiddagen var han i storslag – rastlaus og krevjande, med sin sedvanlege originale og innovative signatur. Den rike akustikken i rommet framheva kvart tunge slag på tangentane. Det er abstrakt musikk, ingenting er rett, ingenting er gale. Ein veit berre at det stemmer. Og ut kjem publikum meir vaken enn då dei gjekk inn.
This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.