Oljebransjens brutalitet

Cloroform (Foto: Vossa Jazz/Odin Drønen)
Cloroform (Foto: Vossa Jazz/Odin Drønen)

«Roughneckane» Fjordheim og Storesund anført av skiftleiar Kaada serverte hardtslåande punkjazz inspirert frå djupna kring Ekofisk. Dykkarklokka og surstofftankane er bytta ut med høvesvis trommesett, kontrabass, gitar, clavinet og rhodes. Rigg bytta med scene og tilhøyrande plattform. Ein meir miljøvenleg form for oljebransje skal ein leite lenge etter!

Frå plattformen i Vossasalen vart det rigga til 25 eller 181års jubileum for Cloroform. CHCl3 har tidlegare vorte nytta som bedøving, men her hadde det snarare motsatt nytte. Det harde, industrielle uttrykket, kombinert med falsett, munnspelmikrofon og surfgitar gav ei effekt som nærma seg C9H13N.

Med den punka garasjejazzen satte Cloroform stemninga for resten av palmelaurdagen!

Del gjerne!

Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.