Norma Winstone – Jazz Britannia!

Foto: Nick Smart 

Azimuth-veteran med poetisk gullstrupe 

Norma Winstone – vokal 
Kit Downes – piano 
 
Med ny plate – første på seks år – på ECM og ny musikalsk partnar i Kit Downes, kjem Norma Winstone med sine eigne poetiske tekstar til komposisjonar av Downes, så vel som musikk av Carla Bley, Ralph Towner og John Taylor. Duoen oppsto tilfeldig – slumpelukko ville ha det til at Kit Downes vikarierte med henne, og samspelet gnistra frå første tone. Norma Winstone vart først kjent på Ronnie Scott’s i ein legendarisk jam med Roland Kirk mot slutten 60-talet, og slo for alvor gjennom som ei av dei mest spanande britiske jazzvokalistane på syttitalet – like heime anten som tolkar av dei sartaste standardlåtane eller i rå avantgarde-eksperiment, ikkje minst i Azimuth. Pianist Kit Downes er soloartist på ECM, fleirårig «rising star» i Downbeat og musikalsk verdsvant som ein av dei mest imponerande engelske tangenttraktørar nokon sinne. 

 Jazz Britannia i Vossasalen laurdag 12. april!    

Del gjerne!

Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.