Laurdag formiddag klokka 15 samla mykje folk seg utanfor Osasalen i håp om å få plass på den fullsette konserten med Nils Økland Band. Draumeaktige folketonar fylte salen, og musikarane på scena, som har spelt saman sidan 2003, følgjer kvarandre som om dei aldri har gjort noko anna. Musikken rører seg saumlaust gjennom sjangrar – jazz, klassisk, nordisk og afrikansk folkemusikk, og trollbind publikum i ei fornya drakt. Frå lange meditative frasar til oppstemte danserytmar fekk publikum ei vakker oppleving dei nødig vil gløyme med det fyrste.