Nawar Alnaddaf – syrisk magi

Foto: Nawar Alnaddaf

NAWAR ALNADDAF 

Syrisk magi 

Eit djupdykk i Nawar Alnaddaf – songar, komponist og instrumentalist frå Syria – si musikalske arv, og ei djupt personleg musikalsk forteljing. Med røter i arabiske tradisjonar og ei unik improvisatorisk evne utforskar ho bindinga mellom det tradisjonelle og det moderne. Konserten vev saman lyden av oud, lyre og den meditative arabiske fløyta ney, saman med hennar utrykksfulle røyst, der ho formidlar eit levande og spontant uttrykk som speglar både historiene frå eige opphav og hennar personlege kunstnariske stemme. Ei reise der det intime møter det universelle – eit møte mellom tradisjon, improvisasjon og innovasjon –  der musikken får rom til å skapa fellesskap på tvers av kulturar og kjensler.    

Velkomen til ein vakker konsert sundag 13. april i Vangskyrkja.

Del gjerne!

Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.