Nasjonal skatt tek banalitetane fatt

Tønes (foto: (Vossa Jazz/Odin Drønen)
Tønes (foto: (Vossa Jazz/Odin Drønen)

– Eg merker det er lenge sidan eg har spelt for folk som har drukke alkohol, kommenterte Tønes, idet publikum braut ut i eit rungande latterbrøl etter ein tørrvittig kommentar mellom to av songane.

Den sarte songaren fylte den gamle kinosalen med song om sakn til gamle gjenstandar, frykten for at einmannsbustader skal fyllast av floger, kvardagslege banalitetar og om feige, ufordragelege heimvendte fråflyttarar.

Publikum var så heldige at dei var både fyrste og siste opptreden på Tønes sin eindagsturne, og til tross for at han klaga på at det var langt å reisa for så lite, gjekk han av sena til trampeklapp og jubelljom frå vossingar som var tyrste på meir.

Del gjerne!