Mørkets og lysshowets fyrstinne

Susanne Sundfør
Foto: Vossa Jazz/Odin Drønen

Susanne Sundfør var den udiskutable dronninga av Vossasalen i kveld. Ho førte an frå fyrste tone, var magisk og mystisk, sterk og sårbar – ein musikalsk kamikaze? Sundfør er den kule venninna som litt for ofte lurar deg med på litt for skumle eventyr, men som samtidig er så innyndande og mild at du berre må stole på ho. Lydbiletet er stort og til tider nesten illevarslande, det er hardt og herleg. Lysshowet er intenst. So plutseleg tek ho det heilt ned og spelar gitar og syng så vakkert at du nesten sluttar å puste. Publikum var bergtekne, både entusiastisk dansande og stille lyttande.

Susanne Sundfør leverte ei heilskapleg førestilling, og heldigvis kunne ho by på ekstranummer. Konserten i Vossasalen var siste konsert på turneen hennar, og i tillegg feira ho dei siste timane av tjueåra saman med oss. Vi ønskjer Susanne Sundfør ein riktig fin bursdag, og takkar for ein fantastisk konsert på Vossa Jazz.

Del gjerne!

Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.