Magisk morgon i Gamlekinofoajeen 

Foto: Ørjan Furnes / Vossa Jazz

Trioen Himmelfarten, beståande av Vemund Styve, Martin Borge og Trygve Tronstad, sikra ein god start på konsertdagen for dei mange som tok turen til Gamlekinoen sundag klokka 12. Plassert midt på golvet i foajeen var konserten eit varmt og intimt rom for lytting, drøyming, og kanskje litt morgon-slumring, for dei som hadde ein sein kveld i går. 

Akustisk pumpeorgel, gitarar og trestemt song sulla publikum inn i klanglege improviserte strekk avløyst av forløysande, finurlege og kreative komposisjonar. Trioen har god teft for timing, og publikumet som omgav dei sat som trollbundne frå start til slutt. 

Himmelfarten publiserte nyleg sitt sjølvtitulerte debutalbum, så berre å gå heim og strøyma!

Symre Taugbøl Bang

Del gjerne!

Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.