Magisk folkeimpro i Osasalen

eirikasheim-1-2

Og for ei reise!
Nokre gonger skjer det noko heilt spesielt når kunstnarar møtest – og det er definitivt tilfelle med Maurseth og Valland Nordli. To musikarar som står støtt på kvar sin kant men som i møte med kvarandre smeltar saman og skapar noko magisk. Og med perkusjonisten Snorre Bjerck på laget vart det heile om mogleg enda meir magisk innovativt og kraftfullt.

Publikum fekk oppleva tre fantastiske og nyskapande musikarar som samtala med kvarandre – ikkje med ord men med tonar. Der den eine starta varsamt kom den andre kraftfullt inn og omvendt. Og publikum klarte mest ikkje gje slepp på dei då settet var over og Maurseth og Valland Nordli måtte inn igjen for eit ekstranummer. Og voggesongen frå Romania som dei to valde å avslutta med var så sterk og så vakker at tårene stod i augo på fleire.

Del gjerne!

Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.