Lurframføring og urframføring

Opningskonserten (foto: Ådne Dyrnesli/Vossa Jazz 2017)
Opningskonserten (foto: Ådne Dyrnesli/Vossa Jazz 2017)

Opningskonserten starta tradisjonsrikt med filmintroen som viser mangfaldet på Voss, og mangfaldig skulle resten av opplevinga vise seg å bli. Dei som har vore med på opningskonserten før, veit å glede seg til det Trude Storheim kallar «Hymne til Vossa Jazz» – det nydelege stykket komponert av Per Indrehus.

Vidare leverte Erlend O. Nødtvedt ei intens og engasjerande framføring av det spesialskrive diktet sitt som knytte saman jazzen og jøsnahallingen.

Publikum vart så forflytta til Afrika og Zimbabwe av Busi Ncube og kompani, med ei urframføring av verket Usiko. Vi fekk oppleve ein rik musikktradisjon framført med innleving og entusiasme. Bandet var stødig, Busi var myndig og saksofonisten var mystisk. Dei suggererande rytmane gjorde det livleg i Vossasalen, og spesielt livleg var det på scenen der dei herleg koristane/dansarane sette standarden for resten av kvelden.

Del gjerne!

Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.