Arve Henriksen er kjend for å trossa alle sjangrar og bevegar seg i eit melodisk univers som tidvis kan vera litt krevjande men aller mest medrivande. Jan Bang vert rekna som ein av våre aller fremste elektronikamusikarar og han har spesialisert seg på livesampling og remixing. Møtet mellom dei to musikalske uttrykka var utgangspunkt for det spanande livekonseptet publikum fekk servert i Gamlekinoen denne kvelden. For å toppa laget fekk dei to med seg Stian Westerhus på gitar og Ingar Zach på perkusjon. Henriksen Westerhus og Zach sine rytmar riff og tonar var lurande og leikande søkande og suggerande. Bang er superprodusenten som sampla det heile saman og denne melodiøse fusjonen mellom musikk og elektronikk gav eit nesten utanomjordisk uttrykk. Ei slags romreise der eit stadig meir salig publikum fekk innblikk i ei musikalsk verd heilt utanom det vanlege.
This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.