Det er ein spennande kombinasjon artistar som har funne saman i det relativt nye bandet Lotus. Med Olaf Olsen frå Big Bang, Chris Holm som har jobba saman med Sondre Lerche, Kari Emmeluth (Emmeluth’s Amoeba) og Karl Bjorå (Megalodon Collective), dreg dei to fyrste med seg element frå pop og rock, og dei to sistnemnde fri improvisasjon og jazz, og møtest i ein heidundrande fest av eit samspel. Det er stemningsfullt på jazzklubben i kjellaren på Park, med nærleik til musikarane, neonskilt og ein avslappande belysning. Lotus tek oss på ei reise gjennom eit landskap som vekslar mellom det mjuke, flytande og behagelege til intense og heftige rytmar. Det har blitt sagt at her er energi nok til å drive ein by, og visst kan dei minne om eit heilstøypt kraftverk i dei mest energiske partia. Sjølv om Lotus ikkje kan kallast eit vestnorsk band, får eg assosiasjonar til vestlandsnaturen med både det milde og vare og det dramatisk intense, fossefall og energiproduserande kraftverk i kvar dal. Det er fengslande å sjå musikarar improvisere med ein slik dedikert energi, nærast hypnotiserande i dei mest intense augneblikka. Takk konserten, Lotus!
Skrive av Sunniva Kambestad