Konsert frå Vangskyrkja sundag

Sundag skulle Irene Tillung presentert ny musikk for og med sitt ensemble Ti på Taket på Vossa Jazz. Denne konserten må me venta på, men det er stor stas at Irene, saman med Tore Brunborg, ynskjer å la saksofon og akkordeon møtast til ein nettkonsert i den vakre og klangfulle Vangskyrkja. Det blir ein stemningsfull konsert med musikk frå begge sine repertoar.

Tore Brunborg – saksofon
Irene Tillung – akkordion

Front Film ved Yorick Gontarek står for videoproduksjon og streaming. Følg med på Facebook for å oppleva konserten!

Stor takk til Voss kyrkjelege fellesråd for lån av Vangskyrkja. 

Vipps gjerne eit bidrag til nr 92022150 eller kontonr. 3480.16.43606. 

Del gjerne!