Jazz frå alle kroppsopningar

Source of Voss. Foto: Vossa Jazz/Daniel Sapak
Source of Voss. Foto: Vossa Jazz/Daniel Sapak

Humringa og latteren sat laust når The Source tok scena Laurdags kveld. Jazzklubben (tidlegare Festsalen) var stappfull og sveitt som berre nevnte lokale kan vere, utan at nokon av publikummarane verka til å vere påverka av det. Øyvind Brække leverte (i tillegg til sin karakteristiske trombone) monologar som fekk publikum i den rette Laurdagsstemninga.

Musikalsk sett fekk alle dei oppmøtte servert ein konsert som det The Source har gjort til sitt varemerke: Improvisasjon og dyktigheit av ypperste klasse, vare stemningar, innslag frå austen – og ikkje minst ein smittande speleglede.

Fyrst og fremst var det tydeleg at gruppa kosa seg saman på scena, og det smitta over på publikum. Og det er jo det jazz handler om, er det ikkje?

Del gjerne!

Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.