Musikar og komponist Irene Tillung er tilsett som prosjektmedarbeidar hjå Vossa Jazz. Ho skal jobba saman med Trude og Kari med ulike prosjekt fram mot jubileumsfestivalen i 2023. Irene har erfaring frå Vossa Jazz både som musikar, medarbeidar og publikum. Me gler oss til å ha ho med laget!