Jazzelskarar stod i kø utanfor Café Stationen fredag kveld for å få med seg Trøen/Arnesen Quartet. Saksofonist Elisabeth Lid Trøen leverte sitt fyrste tingingsverk «New Paintings of Jazz» med overtyding og overskot saman med Dag erf-Arnesen på piano, stødige Ole Marius Sandberg på bass, og lovande Sigurd Steinkopf på slagverk.
Solid samspel og iøyrefallande improvisasjonar var umogeleg å stå imot for festivalgjengarane ende med å stå spreidd langt utanfor lokalet med strekte halsar og spisse øyro. Dette var noko for alle som elskar jazz! Her var det berre ein ting å gjere: nyte.