Det var heilt fullt på Fleischer’s laurdag kveld. Folk satt og stod tett for å få med seg konserten og Hilde Louise Asbjørnsen lokka dei endå nærmare scenen. Dei som tok ho på ordet angra nok ikkje. Asbjørnsen ser ut som ei ekte diva med nydeleg svart kjole og raude lepper og ho syng så lett og leikande at alle hjarte gler seg. Ho krydrar framføringa med morosame anekdotar og publikum ler og let seg rive med. Uansett er det alltid musikken som står i sentrum. Asbjørnsen og det tighte og tøffe bandet hennar spelte låtar frå alle albuma hennar og publikum fekk høyre hennar vakre røyst tolke songar på fleire språk. Mykje av repertoaret er teke frå standardjazzen og høg standard var det publikum fekk.
This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.