Grand General til Vossa Jazz

grand_general_hi-res_0

Etter å ha spelt fleire sensasjonelle konsertar som Kenneth Kapstad Group har dette bandet no funne eit meir passande namn og gitt ut sitt debutalbum på eit veldig passande selskap kred-labelen Rune Grammofon.

Med fiolinist og Spellemannvinner Ola Kvernberg med på laget er det vanskeleg å koma utanom Mahavishnu Orchestra for å skildra denne musikken – samspelet mellom solistane er superb og med denne rytmeseksjonen leia av Motorpsycho-trommis Kapstad kan det ikkje gå gale. Med slike musikarar får ein aldri kjensla av at dei spelar for å visa frem sine instrumentale ferdigheiter (sjølv om det skal godt gjerast å ikkje leggja merke til det!) men for å tena den gode musikken. Aviser i inn- og utland overgår kvarandre med kritikkar – Adresseavisa trilla seksaren på terningen med følgjande sitat: «Grand General brøler som en stor og sint men velsmurt maskin.»

Even Helte Hermansen – gitar
Ola Kvernberg – fiolin
Erlend Slettevoll – keyboard
Trond Frønes – bass
Kenneth Kapstad – trommer
Ketil Nicolaysen – lyd

Home

Vossasalen fredag kl. 00:30. Kjøp huskort dagskort eller festivalpass her.

Del gjerne!

Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.