Frå programmet var me lova både eit samansett toneverd og tette, sveitte grooves, og dette fekk me levert i kveldens konsert der Cortex baud på energisk jazz for eit ivrig publikum.
Thomas Johansson (trompet), Kristoffer Alberts (saksofonar), Ola Høyer (kontrabass) og Gard Nilssen (trommer) har alle bakgrunn frå jazzlinja i Trondheim, og deira felles erfaring kom fram i ein framifrå live-framføring.