Har du lurt på kvar dei kjem frå, dei som sit på gata og speler trekkspel og syng songar på framandt språk? Solfrid Molland og Lars Tormod Jenset tok med seg store og små til ein liten bygd i musikkens heimland, Romania. Her fekk dei møte Sofus og Castello, og høyre om frø frå eit magisk tre, som trong venlege ord for å gro. Den fine forteljinga vart avslutta med ein kort kvilestund, før alle borna fekk kome opp på scena og hoppa rett opp og ned og verkeleg slå seg laus saman med dei flotte musikantane.
This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.