Tre leikekameratar, dvs. Gabriel Fliflet, Ole Hamre og Knut Reiersrud, kjem til Jolajazz!
Fliflet/Hamre er eit av landets mest usannsynlege orkester. Med trekkspel, trommesett, gryter, stepp og song lagar Gabriel Fliflet og Ole Hamre musikk som set fyr i telta. Og svalar panna med poetiske refleksjonar når det blir for heitt.
Nyfikne, lyttande og eldfulle. Glimtet i auga er aldri langt unna.
Knut Reiersrud er ein musikalsk vandringsmann. I fleire tiår har han gitt kloden gitarmusikk som både er øm og audmjuk, vrang og vrengjande. Reiersrud er ein av dei få musikarane som stadig overraskar, men samtidig umiskjenneleg er seg sjølv. Han høyres ut slik ingen annan kan.
I starten av vårt hundreår, på Vossa Jazz 2001, starat dei tre karane sin samleik. Etter ein lang pause klemtar klokkene no for eit nytt møte.
Blues og Balkan.
Myje kan skje.
Lytt og le!
Knut Reiersrud – gitarar, munnspel, vokal
Gabriel Fliflet – trekkspel, vokal
Ole Hamre – trommesett, hamrofon, melodika, stepp, vokal
Set av laurdag 29. desember!
Billettsal hjå ticketco.no
Dersom de ynskjer pakke med middag og ev. overnatting ta kontakt med Park direkte på tlf. 56 53 10 00.
Velkomen til Jolajazz på Park Hotel Vossevangen!