Flukten med Signe Emmeluth

Foto: Lekny Havik Skjærseth

FLUKTEN 

Signe Emmeluth – saksofonar 
Marius Klovning – gitar 
Bárður R. Poulsen- bass 
Hans Hulbækmo – trommer 

Ditt nye favorittband! 

Flukten starta som ein jam mellom vener, som sidan har utvikla seg til å bli eit av Noregs mest anerkjende jazzband. Flukten har sidan bandet byrja spelt mange konsertar i og utanfor Noreg, og for debutalbumet “Velkommen håp” frå 2021 – som i følgje Morgenbladets meldar “… oser av grensesprengende frihetssøken og eventyrlyst på musikkens vegne.” – vann dei Spellemannspris i jazzklassen. I mai 2024 slapp dei sitt andre album, «Flukten» til strålande kritikk og same haust var dei ute på ein lang turné i regi av sørnorsk og nordnorsk jazzsenter. På denne konserten har dei fått med seg Signe Emmeluth frå Banshee og Emmeluth’s Amoeba. Leiken speleglede og virtuost samspel! 

Dei spelar i Jazzklubben på Park laurdag 12. april.

Del gjerne!

Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.