Me gler oss til minifestival med nokre av dei beste musikarane i landet, laurdag 14. mars:
HILDO
Hildo hadde
premiere på Vossa Jazz i 2018 og har etter det turnert – og ikkje minst spelt
inn musikken på plate. Prosjektet er hylla og har motteke ståande ovasjonar frå
både publikum og presse. No kjem dei attende til Voss!
«Hildo» heitte den gamle kyrkjeklokka som ljoma over Vossevangen frå tårnet på Vangskyrkja i gamle dagar. Desse fantastiske musikarane har teke utgangspunkt i ulike folketonar og slåttar, og serverer dei i nye arrangement og med nykomponerte tema. Det vert både balladar, bånsullar, stev, barnesongar, salmar og slåttar, i hendene på desse fantastiske musikarane.
Besetning:
Tore Brunborg – saxofon
Berit Opheim – vokal
Kåre Opheim – trommer, perkusjon
Steinar Raknes – kontrabass
Stein Urheim – ulike strengeinstrument
Jonas Fjeld og Kvarts
Etter musikalsk ungdomstid på brune kneiper og støvete danselokale har Fjeld sunge og skrive låtar som sit dønn fast i den norske folkesjela. Men alt før Engler i sneen, Hun kom og andre hits, snusa Fjeld på tradisjonsmusikk av ulike slag. Legendarisk er samarbeidet med Rick Danko og Eric Anderson, og Fjeld er seinast i vinter aktuell både i USA og Noreg saman med stjerneartisten Judy Collins og Chatham County Line.
Kvarts feira 20 år i 2018, mellom anna med to konsertar der dei tok opp att det særdeles trivelege samarbeidet med Jonas Fjeld. Denne musikalske samskapinga starta alt i 2006, og dei let anglo-amerikanske tonegangar blande seg uhemma med musikk dei likar å tru er urnorsk. Så moro er dette at Fjeld og Kvarts berre må treffast å spela nokre konsertar kvart år, og denne gongen vart heldigvis Voss med i turneruta. Karane gler seg til å stå på scena i Gamlekinoen!
Jonas Fjeld – vokal og gitar
Ben Basgaard – vokal og gitar
Jo Asgeir Lie – trekkspel
Øystein Rudi – fele og hardingfele
Tom Willy Rustad – bass, munnharpe, seljefløyte
Erlend Styve – vokal, gitar og dobro
Lyd: Tor Magne Hallibakken