Festivalpodkast – salt peanuts*: Nils Økland

Klokka 20:00 ringde Salt Peanuts inn til kveldens andre festivalpodkast, denne gongen for eit møte med den meritterte artisten Nils Økland! I kjellaren på Tre Brør er stemninga sett for ein koseleg og fortruleg samtale – lysa er dempa, publikum sit nært, men ikkje ukomfortabelt tett, og dei to hovudpersonane sit med mikrofon i kvar si raude sofa. Samtalen rører ved oppveksten som musikar, plateutgjevingar og folkemusikken, han er ein god historieforteljar, og det blir humra støtt og stadig blant publikum. Med eitt bein i folkemusikktradisjonen og det andre i jazzen avsluttar han med ein vakker folketone frå albumet sitt Glimmer.

Podkastprogrammet held i dag fram og i helga.

Laurdag 12. april

12:00 – Norma Winstone
14:00 – Nils Petter Molvær
15:00 – Erlend Apneseth
15:45 – Stefan Pasborg

Sundag 13. april

11:00 – Kjetil Møster
15:00 – Festivalsjef Roger Urhaug