Bergen Big Band & Shannon Mowday, Foto: Ådne Dyrnesli

Shannon Wowday og Bergen BigBang!

Shannon Mowday sitt tingingsverk «Colourful Houses» vart den perfekte avrundinga på festivalhelga, med energirike storbandarrangement framført av det ævelege Bergen Big Band. Med festlege rytmar og stilriktige soloar var det inga grunn til å duppe i den mjuke kinostolen, og sjølv etter ei lang konserthelg vart det full sal og stor jubel blant publikum sundag kveld.

Konserten var ei reise frå den fargerike Bryggen i Bergen til området Bo-Kaap i Cape Town, Mowdays oppvekstby. Som kystbyar og historiske handelsstadar har dei til felles å vere smeltediglar av ulike kulturar, og denne tematikken var den raude tråden som gjorde at konserten var enkel å henge med på, trass raske musikalske skifte.  

Stramt og stødig storband med sørafrikansk speleglede resulterte i eitt einaste ord: Suksess!