Sundag føremiddag møtte ca. 650 born og vaksne opp til Badna Jazz-framsyninga. ”Fargespill – fleire fargar på Voss”. Framsyninga er eit samarbeidsprosjekt mellom ”Fargespill” med Ole Hamre Sissel Saue og Hilde Sol Vossa Jazz lokale skuleelevar og det fleirkulturelle miljøet på Voss. Heile 78 born og unge frå mange forskjellige land var involvert i prosjektet som er bygd på musikk song og dans frå aktørane sine heimland blanda med norsk folkemusikk. Framsyninga var svært godt samansett der kombinasjonen av mellom anna afrikanske rytmer og norsk folkemusikk symboliserte korleis ein kan leve saman i eit multikulturelt samfunn. – Vossa Jazz skal vere ein open og inkluderande festival og me er glade for at me har eit så godt samarbeid med mellom anna Voss Mottak seier festivalsjef Trude Storheim. – Og resultatet var gripande! Eg trur både born og vaksne i salen fekk ei stor oppleving avsluttar Storheim.
This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.