Erlend Apneseth Ensemble i Gamlekinoen

Foto: Signe Fuglesteg Luksengard

ERLEND APNESETH ENSEMBLE

Supergruppe og kritikarfavoritt i Gamlekinoen fredag 11. april!

Erlend Apneseth – hardingfele
Mats Eilertsen – kontrabass
Rolf-Erik Nystrøm – saksofon
Frode Haltli – akkordion
Anja Lauvdal – trøorgel, synth
Veslemøy Narvesen – trommer / perkusjon
Hans Hulbækmo – trommer / perkusjon
Henriette Eilertsen – fløyter
Helga Myhr – hardingfele, vokal
Rasmus Kjorstad – hardingfele, vokal, fele, oktafele
Selma French Bolstad – hardingfele, vokal
Thorolf Thuestad – lyd

Hardingfelespelaren Erlend Apneseth har med sin særeigne spelestil, ei lang rekkje kritikarroste Hubro-utgjevingar og utforskande musikalske samarbeid prestert kunststykket å bli både publikums og kritikarar sin favoritt både i folkemusikken, jazzen og nymusikken si verd. Hans nyaste album, «Song over Støv», vert sleppt på Hubro 4. april, og bandet han har sett saman for dette høvet må seiast å vere noko av ei supergruppe, beståande av nokre av dei mest tonegjevande musikarane på den norske musikkscena i dag. 

Gjennom eit rått og vakkert samspel utforskar Apneseth og ensemblet hans omgrepet «verdsmusikk», med utgangspunkt i hardingfela og alle moglegheitene som bur i henne. Slik landskap og dalføre glir nesten umerkeleg over i kvarandre, er det tynne liner som skil stilartar og tradisjonar. Det skal berre ørsmå endringar til før du er på ein heilt annan stad. Denne gråsona er Apneseth sitt rike. 

Del gjerne!

Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.