Ekstremjazz med Jøkleba

 Herrane Per Jørgensen Audun Kleive og Jon Balke dannar sagnomsuste Jøkleba og mange hugsar kanskje at dei vart årets overrasking og gledeleg gjensyn då dei etter mange år i dvale slo til som erstattar for opningskonserten 2011.

Presse og publikum var euforiske og tanken på å høyra dei i fri luft med den mektige vossanaturen som bakteppe burde lokka dei fleste opp av sofaen laurdag i palmehelga.

Tradisjonen tru er dette Vossa Jazz si gåve til publikum og er såleis nok ein gong gratis. Even Rokne skal ha ansvaret for opp mot femti utøvarar innan ulike greiner: fallskjermhopparar hanggliderar paragliderar og speedflyerar. Balke & co står på bakken og kommuniserer med utøvarane – dei kjem til å følgja det som skjer i lufta. ”Målet er å skapa ein heilskap av det som skjer i lufta og på bakken” seier Balke på synfaring. Så då er det berre å kryssa fingrane for at vêrgudane likar jazz!

Jon Balke – piano
Per Jørgensen – trompet
Audun Kleive – trommer
Asle Karstad – Lyd

Jøkleba på Bergen Jazzforum i haust http://www.youtube.com/watch?v=MF7itj0rzh0