Det blir ekstrakonsert med Building Instrument i Ungdomshallen laurdag 12. april. No kan du sjå dei spela sitt Tingingsverk klokka 12 eller klokka 14. Ta med flokken din!
Mari Kvien Brunvoll – vokal, diverse
Åsmund Weltzien – tangentar
Øyvind Hegg-Lunde – slagverk, perkusjon
Ikkje berre er Building Instrument tilbake med første plate sidan 2018, men også med tingingsverket til Badnajazz! Building Instrument er ein Bergensbasert trio som blandar akustiske og elektroniske uttrykk i fargerike komposisjonar. Den musikalske reisa går frå suggererande rytmar, via frie improviserte parti, til kjenslelada melodiar med eit filmmusikkaktig preg . Tekstane vekslar mellom moldenserdialekt og fantasispråk, skrive av vokalist Mari Kvien Brunvoll, og musikken lagar dei saman. Som band dannar dei eit unikt uttrykk – i låtane så vel som visuelt på scena – som høyres berre ut som nettopp Building Instrument.
Tingingsverket kan du sjå i Ungdomshallen på laurdag 12. april klokken 12:00 og 14:00.