I dunkel belysning står ei scene heilt fyllt opp med instrumenter og teknisk utstyr. Og ganske snart kjem det elleve musikarar gjennom salen og opp på scena. Det er siste post på ein tovekers, landsomfattande turné, og stemninga bak scena før start vitnar om at dei vil avslutte denne reisa med eit stort trøkk. Med eigenkomponerte låtar, godt samspel og dynamisk kraftige riff, formidlar dei musikken sin med stor overtyding. Dette lovar godt for framtida til norsk jazz. Engasjementet smitta over på dei lyttande, som alle tek med seg ei stor oppleving inn i årets festival!
This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.