Visst er vossajazz ein stad for sanselege musikkopplevingar; desse tre dagane der ein kan flyte fritt frå konsert til konsert og late seg rive med av søte tonar, saftige rytmar og syrlege improvisasjonar. Og i straumen av publikum, stadig søkande etter nye næring for sansane, og med så mange moglegheiter for sjeleleg føde, kan det vera fort gjort å gløyme sitt eige legeme! Men når fleire rike konsertopplevingar har gjort at den elles litt gjennomsnittlege smaken til publikum på kort tid er blitt mange hakk meir raffinert, kvar finn ein så drikke som svarar til dei same høgdene musikken?
Svaret er nærare enn du trur, og heldigvis er leiinga i Vossa jazz medviten nok til å nytte seg av kortreiste gastronomiske opplevingar. Siderprodusent Haakon Kvestad frå Kvestad Sideri hadde teke turen frå Sørfjorden, og i avslappa omgjevnadar i foajeen i gamlekinoen baud han laurdags kveld på edle dropar til tørste festivalgjester. Sidereventyret som har utspelt seg i Hardanger dei siste åra har ført til at det som før vart servert frå dunk med mykje godt, men svært varierande innhald, no kjem på fine flasker med etikett, og eit omdømme som stadig er på veg opp.
Lar dei den plutselege suksessen gå til hovudet på seg, siderbøndene i Hardanger? I alle fall ikkje på Kvestad. Haakon er ein mann som evnar å vera både stolt og audmjuk på same tid, og dei som møtte opp til Vossa jazz si eiga sidersmaking fekk prima service fullt på høgd med den ein forventar på ein topprestaurant. I dei avslappa omgjevnadane kunne gjestene endeleg nyte drikke som gav ganen like forfina opplevingar som musikken. Dei fekk smake på Adelstein, Noregs svar på prosecco, laga utelukkande på gravensteinseple og med ei fin fruktigheit og tydeleg preg av eple. Vidare vart det skjenka Kaizersider, valt ut av nettopp Kaizersgjengen sjølv, med den spennande kombinasjonen av Aroma, Discovery og Vista Bella, og frisk som berre ei vestlandsnatt og ein hardangersider kan vera.
Lisa Knudsen, Alva Knudsen og Nanna Borgnes som hadde teke turen frå Sogn Jord- og Hagebruksskule, meinte at Kaizerssideren var den beste dei hadde smakt så langt. Frode Nordås og Ingebjørg Sæbø frå Stord og Oslo hadde Adelstein som favoritt, og syntest den hadde ein fruktig smak som anna drikke ikkje kunne måle seg med.
Haakon, med god hjelp frå si “høgre og venstre han”, Ainars Birznieks, skjenka til sist ein sider laga på tradisjonelt vis, slik det har vorte gjort i generasjonar på Kvestad. Med si framifrå formidlingsevne og lune humor, serverte han både lokalhistorie og 1808, ein saftig sider med mykje fylde og preg av pære. Festivaldeltakarane lente seg tilbake og nytte nye nyansar i smakspaletten og ein bit av siderhimmelen i dei mjuke stolane, og såg ut til å ha hatt nok ei fullkommen festivaloppleving. Det kan sjå ut som at sidersmaking er perfekt som pit stop på festival og for å sameine kropp og sjel mellom slaga. Me takkar Kvestad sideri for besøket, og håpar på gjentaking.
Skrive av Sunniva Kambestad