Ikkje eingong i julebordsesongen pleier køen stå så langt – gamle drosjebua var fylt til randa med folk som skulle få med seg Linda Eide og Sjur Hjeltnes sitt pilotprosjekt, Melodi Grand Jazz, der målet var å prova jazzen sin påverknad og innverknad på Melodi Grand Prix. Regien er som alltid stram og laus på same tid når radarparet trøkker til med piano, blokkfløyte, prosjektor, song og ein rett imponerande saksofon-solo til Dave Brubeck-hiten Take Five. Og kva har Take Five med Eurovisionen å gjera? Sjur drog i gang Åse Kleveland (Linda sitt idol) sin hit Intet nytt under solen («Jeg vet om en gammel mann») og publikum nikka og aa-a og mm-a – slektskapen er nesten over i plagiat-kategorien! Førtifem minutt på smale stolar og med doggete ruter gjekk som ein vind, ja, som å vera fångad i en stormvind, for å sitera grandprix-dronning Carola. Oppmoding om streaming av førestillinga og flytting til Gamlekinoen må takast på ramme alvor – verda er klar for Melodi Grand Jazz!
This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.