(Don’t) fight for your right to Bugge

Foto: Grim Moberg / Vossa Jazz

I år er det 35 år sidan Bugge Wessseltoft første gong vitja Vossa Jazz. Det gjer han ikkje mindre populær. Tvert om; fem minutt før konsertstart vart det nesten slosskamp mellom vossajazzarane, då også dei utan plassbillett vart slopne inn i Gamlekinoen – samtidig med dei som faktisk hadde betalt 25 kroner ekstra. Heldigvis fanst det råd: Alle skulle få.

Wesseltoft kom til årets festival med det spillranes nye albumet AM ARE. Lik som på plata byrja han konserten med solonummeret «How?». Deretter entra den eine bidragsytaren på plata etter den andre opp på scena. Og det var ikkje små namn: Arild Andersen, Gard Nilssen, Sanskriti Shrestha og Rohoy Taalah vart alle møtt med øyredøyvande jubel. 

Det var ikkje berre musikk publikum fekk servert i Gamlekinoen i kveld. Ivar Mykland sytte også for at konserten frå byrjing til slutt var visuelt stimulerande. Mellom låtene blinka tittelen AM ARE bak scena. Korleis ein skal tolke orda er eit ope spørsmål – men at dei er ei vending til publikum, er det likevel ikkje tvil om: I am, you are. Og med sitt alltid like milde og fredfulle vesen, var det freistande i kveld å lese tittelen som eit imperativ: Kom i fred, ikkje sloss. Siste song i kveldens sett var også nettopp ei bøn om fred – Bugges song for Gaza.

Skrive av: Inga H. Undheim

Del gjerne!