Bandet spelar frittgåande jazz og improvisasjonsmusikk. Trioen består av Frode Gjerstad på saksofon og klarinett, pianisten Margaux Oswald frå Geneve og Ivar Myrset Asheim frå Stavanger på trommer.
Pianisten får med sitt engasjement fram eit godt improvisert samspel med dei andre.
Innlevinga i musikken er tydelig, og klarinetten spelar på ein heilt særegen måte. Ein ser tydeleg at trioen kosar seg når dei tek musikken opp til kokepunktet, og får publikum heilt inn i Transe! Dette var ei musikalsk oppleving for alle jazzinteresserte her i Voss.
Skrive av Sanne Løkke og Eivind Toft