Dei kom, dei skein, me grein

Foto: Vossa Jazz/Eirik Åsheim
Foto: Vossa Jazz/Eirik Åsheim

Forsiktig perkusjon, ertande bass og lune flygeltangentar drog det heile ømt og raust i gong. Come Shine, Jan Erik Vold og Knut Reiersrud på same scene til same tid – dette var nesten meir enn me kunne tola. Eit samspel utan like og ei fullkomment heilskapeleg oppleving. Langt meir enn berre ein konsert. Dei smaug seg i gong med “Can’t help lovin´ dat man” frå musikalen “Show Boat”, og Live Maria Roggen sin vokal var heilt urimeleg vakker.

Umiskjennelege Knut Reiersrud, ikledd stilig raud hatt og raude sko, krydra det tidlause jazzuttrykket med raffinerte el-gitar-detaljar, viltert bluesmunnspel og leikande lutt-liner.

Og ikkje minst, legenden, helten, evige Jan Erik Vold. Heile Noregs skald. Tårer i salen, ord vert fattige, men Vold var tydeleg i sin tale:

“Det er ikke urettmessig å handle rettmessig, selv om man handlet urettmessig forrige gang. Har du sagt A, behøver du ikke å si A neste gang. Det fins en bokstav som heter B.

Et læredikt for Sylvi Listhaug.”

Publikum var tydeleg i sin atterljom, med stormande applaus, plystring og rop. Det var semje.

Del gjerne!