Har du møtt på kvalen som bur i skogen? Eller sat du kanskje på toget som ikkje brydde seg med å stoppa på stasjonen men snarare ville halda fram ut over sjøen og heilt bort til ei aude øy? Då var du truleg på Badnajazz-konserten med Stein Mari og Ragnar laurdag føremiddag. Her handla det som konserttittelen tilsa om dagdrøyming om eit slags magisk fabelunivers der ein kunne møta både kvalar aurar ugler dinosaurar og ein gut som sat i vegkanten og venta på ei jente han kunne kysse. Alt dette vart fagkyndig mana fram gjennom små dikt og historier og sjølvsagt Ragnar (Hovland) si truverdige forteljarstemme i tillegg til skildrande lyd- og tonesetting frå Stein (Urheim) og Mari (Kvien Brunvoll) sine mange merkverdige instrument. Ei førestilling som på sitt underfundige og utforskande vis verkeleg tok borna på alvor.
This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.