Voss sentrum eller South Bronx, New York City, ikkje godt å sjå forskjellen, for dei små vossingane visste å slå seg laus i breake-ringen. Hip Hop beatsane breidde seg over Vossavangen som dis ein sein vårkveld. For dei som ikkje dansa, var det nok av skate-ramper å prøve seg på.
Det byrja med at instruktøren engasjerte dei som ikkje var opptekne med å skate til å delta på ei kjapp innføring i grunnleggande steg og triks i breakdance. Borna brukte særdeles kort tid på å ta innover seg lærdommen. Etterkvart var dei i full sving med å breake ein og ein medan dei andre stod rundt og klappa takta. Fantastisk freidige ferdigheter med tanke på at borna berre var rundt 10-12 år gamal.
Instruktøren gav tilbakemeldingar og råd undervegs, samt skryt og oppmuntring: ”Sjå stilen!” Det var rett og slett topp stemning. DJ’en serverte både raske, hippe og seige beats.