Blåtogparade med Badnajazz

Badnajazz (Foto: Vossa Jazz/Eirik Åsheim)
Badnajazz (Foto: Vossa Jazz/Eirik Åsheim)

Badnajazzkoret, med god hjelp frå Mads Berven trio og Einar Sogstad, inviterte til storkonsert og sundagsgymnastikk i Vossasalen med badnatingingsverket «Ka så!».

Den fornorska versjonen av Blue Train (John Coltrane) sparka igang ein time med fest og moro for oppmøtte i alle aldrar. «Me køyrer blåtog, og det er plass til deg og» song dei, noko det verkeleg var. Med Coltrane-låten Store Sprang (Giant Steps) sparka dei like godt i gang ein polonese der heile publikum fekk delta, før den påfylgjande låten «Ka så?» fekk aktivisert dei resterande armar, bein og hovud. Omsetjinga av allsonglåten «Salt Peanuts» (Dizzie Gillespie) hadde – til glede for alle nøtteallergikarar og besteforeldre i salen – vorte utvida med te og kjeks.

Både Berven sjølv, Sogstad, Lyngholm og Bitustøyl fekk briljera på sine respektive instrument, og Bitustøyl fekk til og med spela «slap-bass»: «Dette er det ikkje ofte eg får lov til», sa han då. Det supersjarmerande Badnajazzkoret, under leiing av Anne Siri Undeland Bauthus, viste fram både framifrå vokalprestasjonar og herlege dansesteg.

Make til festleg og inkluderande konsert er det kunn Badnajazz som klarar å syte for!

Del gjerne!

Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.