Foto: Runhild Heggem, Vossa Jazz

Blåst i veggen: Vossa Jazz 2024 er i gang!

For nokre er raudvin, sjokolade og ski naudsynt for påskestemninga – for andre blir det ikkje påske utan Voss og jazz. Og no var altså timen komen. Ein fullsett og forventingsfull Vossasal sat som tende ljos då Vossa Jazz-hymna tradisjonen tro strøymde or luren til Jørn Styve fredag kveld.

Foto: Runhild Heggem, Vossa Jazz

Vossa Jazz 2024 vart offisielt opna av kulturminister Lubna Jaffery, som avslørte at også ho hadde ein spesiell stad i hjarta for både Voss og jazz – særleg etter midnatt!

Opningstalen vart halden av ein annan Vossa Jazza-gjengangar, sjølvaste Kjartan Fløgstad. Opp or lomma drog han eit frekt lite sjølvsnekra opningsstev – og sette med det stemninga for helga.

Etter fjorårets drustelege 50-årsfeiring i Idrettshallen, kjendest det nærast intimt å vera «heime» att i Vossasalen. Mektig og intim var òg opningskonserten «Aspects» av Øyunn, som baud på kombinert filmvising og konsert. Med treffsikre rytmar, og referansar som spende frå Munch til Björk, tok ho salen med på ei nær, sterk og personleg reise – utan at det nokon gong mangla på kraft, jazz, eller «guff», som Linda Eide begeistra utbraut på veg ut or salen.

Foto: Runhild Heggem, Vossa Jazz

Og Eide var ikkje åleine om superlativa. Mens festivalsjef Laila Melkevoll fann konserten både rørande og vakker, vart folkemusikar Berit Opheim med eigne ord «heilt blåst i veggen»!

På halvannan time var dei tenda ljosa altså omgjorte til eit sitrande klart fyrverkeri. Festivalen er i gang.