Badnajazz til alle

webexport_odin_smaafolk-1829

Badnajazzen fekk verkeleg vist sine allsidige sider med eit herleg kor frå Vangen Skule i godt samspel med Sjøforsvarets musikkorps. Publikum fekk servert ei herleg rekke med kjende og kjære Astrid Lindgren songar og tilhøyrarane sat stor pris på det dei fekk høyra. Sjøforsvarets musikkorps er solide og drivande dyktige men det er spesielt badnakoret som imponerer. Dei sprudlar som kor og solistane gjer ein utruleg jobb frå scenen. Stemmene er klåre som vossahimmelen denne laurdagen og elevane i klasse 2B og 4B skin om kapp med sola utanfor. Dei yngste tilhøyrarane dansar og klappar mellom stolradene og nokre finn tilmed fram dansestega innimellom den fullpakka kulturhussalen.

Del gjerne!