avantgarde fór avgarde

Foto Runhild Heggem, Vossa Jazz (2)

Den amerikanske stjernegitaristen Mary Halvorson og hennar nye supergruppe «Code Girl» vitja Vossa Jazz som siste stopp på ein lang europaturné. Det vart ei fengjande flott og freidig avslutning før dei reiste avgarde til USA og nye konsertar.

Halvorson er ein drivande dyktig sologitarist – ho utfordra trompetist Ambrose Akinmusire til knivskarp og kompromisslaus duell, og resten av bandet var ikkje snauare enn at dei òg slang seg med i kampen. Stemma til Amirtha Kidambi fylte lokalet med eit vidfemnande vokalspekter – alt frå dei klåre tonar til dei meir eigenarta ljodane som berre denne dama kan få til.

Fra det sarte til røffe fór publikum avgarde i Mary Halvorsen si avantgarde jazzverd. Halvorsen og bandet var eit skikkeleg fritt og friskt pust i festivalprogrammet for musikkelskarane på Café Stationen denne kvelden.

Del gjerne!

Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.