«Han er framleis på do», starta konserten til Svein Olav Herstad Trio med, til ellevill latter og applaus frå tilhøyrarane. Etter ein ufrivilleg humoristisk forsinka oppstart møtte Herstad opp, og trioen tok til med ein sprudlande intimkonsert.
Bandet leverte eit arsenal av komposisjonar, frå tyngre standardlåtar til mjuke lullabies. Publikum måtte jobba hardt for å halda følgje då instrumentalistane på scena viste kva dei var gode for. Alt i alt ein konsert der publikum fekk oppleve musikalsk breidde og leikande improvisasjon.